VELKOMMEN!
Midt i sentrum av Dombås finn du eit tradisjonsrikt hus som oser av sjarm og atmosfære. Veggene er pryda med gamle fotografi som fortel historia til den gamle bokhandelen på Dombås – som vart bygd i 1912.
Her kan du nyta ein kaffikopp for deg sjølv eller ta med deg venner og familie på ein kveld med god mat og drikke.
På menyen finn du ei blanding av tradisjonell husmannskost og moderne rettar. Lokale råvarer står i sentrum, og det gode utvalet av kaffedrikker, øl, vin, drinkar og alkoholfrie alternativ gjer det enkelt å finna noko som passar til.
Bokhandelen er ein uformell plass der alle kan kjenna seg heime, og du kan òg bli med på musikk-, quiz- og temakveldar.
Velkommen til ein unik plass for deg som set pris på god mat og drikke!
17. mai på Bokhandelen
Ope frå 10.00 til 18.00
Meny for dagen:
Rømmegraut – 149 kr
Rømmegraut med spekemat og flatbrød – 249 kr
Elgsteik med poteter og grønsaker – 289 kr
Koldttallerken – 289 kr
Pannekaker – 75 kr
Panna cotta – 75 kr
Vaniljeis med tytingcoulis og crumble – 75 kr
Vi har naturlegvis også eit stort utval av heimelaga biteti.
50 % rabatt for barn under 12 år, og 25 % rabatt for alderspensjonistar.
OPNINGSTIDER
Måndag: Stengt
Tysdag: Stengt
Onsdag: 10.00-20.00
Torsdag: 10.00-20.00
Fredag: 10.00-00.00
Laurdag: 10.00-00.00
Søndag: 12.00-17.00
SER DU NOKO SOM FREISTAR?
KVA SKJER PÅ BOKHANDELEN?
Kent Erik Thorvaldsen og Albert Rudberg-Thorvaldsen tek turen for å spele blues!
Frank Hannasvik og Martin S. Haukedal utforskar eit samspel mellom klanglege, vakre strekk og rå, rytmiske parti, med røter i jazz, avantgarde, rock og folk. Support: Benjamin Aas.
Siste servering er Kjetil Espeseth og Kristian Kaupang. Førstnemnde er poet. Sistnemnde er låtskrivar og artist. Saman flettar dei poesi og musikk med humor og alvor.
Vi gler oss til å få besøk av standupkomikarane Raymond Falldalen, Per-Owe Helle, Tina Marie Andersen og Kristofer Bach. Dei lovar god stemning, og vi håpar at du tek turen!
Arly Karlsen har lang fartstid som artist, og han har turnert over heile verda. Når han speler opp, blir det garantert god stemning!